Velkommen!
- Simon-Emiil B. Waage
- 29. mai
- 1 min lesing
Kjære koleger! Velkommen til min splitter nye heimeside!
Eg oppretta denne nettsida for å samle alle mine prosjekt, tankar og idear på ein stad. Grunnen til at eg ønskjer å gjere dette offentleg, er for å bidra til ein openheit og debatt rundt utdanninga, yrket og livet som følgjer med ein dirigents kvardag. Temaa som eg ønskjer å skrive om er feks.:
Kva er ein dirigent?
Kva er ein god, og dårleg, dirigent?
Kvifor speler me fortsatt Beethoven i vår samtid?
Kva er kunst?
Kva er god, og dårleg, kunst?
Kvifor er det viktig å skrive ny musikk i dag?
Kva er ein god, og dårleg, tolkning?
Kven/kva bestemmer kva som er bra og kva som er dårleg?
Kva er musikk?

Lista er svært lang, og trur ikkje det er mange som har interesse av å lese alt. Difor har eg berre plukka ut 9 punkt, som eg skal fokusere på i 2025/2026.
Kvardagen til ein dirigentstudent er travel og ektisk, og det er difor urealistisk at eg skal kunne publi sere meir enn eitt innlegg i månaden. Dette på grunn av at eg ønskjer å gjere innlegga så godt som eg kan.
Om du ønskjer å få eit lite varsel når eg legg ut eit nytt innlegg her, kan du melde deg på nyheitsbrevet mitt. Då er du oppdatert i debattane kvar månad!
Comentarios